Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Fotoalbum

Kvifor har vi T-dagar i Fjell?

Stortinget vedtok i 2003 Reform for trusopplæring i Den norske kyrkja. Der er det sett fokus på trus- og livssynsopplæring for barn og unge i ei tid prega av stort religiøst og kulturelt mangfald.

Åtteåringar framfor Foldnes kyrkje

Kristen tru og kristne verdiar har prega folket vårt og Fjellsamfunnet i mange hundre år. Dette kjem til uttrykk i språk, litteratur, musikk og biletkunst. Denne kulturarven vil kyrkja i Fjell bringe vidare til nye generasjonar.

Landro kyrkje

Trusopplæringa er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er kyrkja som saman med foreldra og fadrane har dette ansvaret. Barna må få lære å kjenne den kristne trua dei er døypte til. Trua kan gje dei døypte håp og hjelp til å meistre livet.

Musikal på T8-dagen

T-dagen

Frå 2006 er Fjell forsøkskyrkjelyd med tiltaket T- dagen. Dette er ein trusopplæringsdag kvart år til alle døypte i aldersgruppa 0-18 år. Før kvar T-dag vert det sendt ut ei T-helsing med invitasjon til T-dagen og noko om temaet for dagen.

Padletur på T10-dagen

Samarbeid om T-dagane

Kyrkja i Fjell ynskjer at det skal vere sjølvsagt å delta på T-dagen; at det er noko alle er med på fordi dei er døypte. Fjell er det største trusopplæringsprosjektet i landet når det gjeld talet på barn i kvart årskull. Derfor er det viktig for kyrkja å samarbeide breitt. I Fjell kommune finst det eit mangfald av institusjonar, organisasjonar og enkeltmenneske. Vi ynskjer at mange skal dra nytte av og bidra i dette ressursprosjektet. Saman med born og unge i Fjell kyrkjelyd ynskjer vi velkomen til samarbeid!

Fjell kyrkje