Om T11-dagen
Takk for ei flott LysVåken-helg 2014!
Helga 22.-23. mars var det endeleg T11/LysVåken for 2003-kullet, og det vart ei flott oppleving. Under her kan de sjå mange bilete frå helga. Vi gler oss til å sjå dykk igjen på T12-dag i 2015. Tusen takk til alle som var med å hjelpe til denne dagen: Flotte foreldre, misjonærar og ungdommar (MILKarar). De gjorde ein kjempeinnsats, alle saman!
Registrering og svisj
Sporløp rundt omkring, høgt og lågt, i kyrkja og i kyrkjetårnet
Gudstenesteverkstad
Tacofest og temasamling
Perlevandring med fotvask
Hemmeleg gjest: Alvhild Vassel Eide
Overnatting i kyrkja
Søndag: gudsteneste, kyrkjekaffi og auksjon
Glimt frå T11/LysVåken i 2013
Helga 16.-17. mars 2013 var det endeleg klart for T11/LysVåken for 2002-kullet. Vi hadde gledd oss til å treffe desse femteklassingane igjen, for vi hadde hatt det så kjekt saman på T10-dagen i november.
Totalt var det over 80 femteklassingar med denne gongen. Dei aller fleste av desse sov i kyrkja. Men vi gjorde sjølvsagt mykje meir enn å sove, og glimt frå dette kan de sjå under her.
Tusen takk til alle fantastisk flotte foreldre og ungdommar som var med og hjelpte til i løpet av helga!
Tusen takk også til Alvhild Vassel Eide og Mildred og Tore Heggernes, som delte spanande historier med oss.
Svisj, vi er saman! - med LysVåken-dansen, Paulus og misjonærane Tore og Mildred
Sporløp - opp i kyrkjetårnet og rundt i kyrkjerommet
Leikar, spel og tacofest
Perlevandring med fotvask
Kveldsavslutning, gjest i natta og overnatting i kyrkja: Vi søv, men Gud er framleis lys vaken for oss
Morgon med rydding, frukost, leik og førebuing til gudstenesta
T11 LysVåken-gudsteneste med barnekor, tweenskor og alle femteklassingane i aksjon
Glimt frå T11/Lysvåkenhelga, 24.-25. mars 2012
Ein rekordstor gjeng med femteklassingar, totalt 74 born, møtte opp på T11/Lysvåken 24.-25. mars i Foldnes kyrkje. Her er bilete frå helga.
Registrering og svisj
Sporløp
Tacofest
Perlevandring
Kveldsavslutning og legging
Frukost på søndag
Gudsteneste
Kyrkjekaffi med amerikansk auksjon
Takk for ei flott helg med T11 og LysVåken 2011!
Tusen takk til alle som var med på T11 og LysVåken i Fjell kyrkje, 20.-21. mars 2011! Det var rekordoppslutning i år, med 73 femteklassingar, og dei fleste av desse overnatta i kyrkja. Under her finn du bilete frå helga.
Registrering
Klokka 16 på laurdagen ramla det inn med spente femteklassingar. Dei hadde med seg sovepose, liggeunderlag, tannbørste, T-dagsmappe og mange forventningar. Alle ble registrerte og fekk LysVåken-T-skjorte og lilla namneband. Dei som var svoltne, fekk mat og vatn.
Svisj - vi er saman!
Marianne leia svisjen med stødig hand. Karianne frå Brattholmen tende T-dagslyset, og vi lærte oss misjonsbefalinga. Så fekk vi besøk av tre personar: Apostelen Paulus (spelt av Torbjørn), diakonen Torbjørn (spelt av seg sjølv) og misjonsvennen Torbjørn (òg spelt av seg sjølv). Torbjørn er soknediakon i Fjell, men han er òg pappaen til Mildred og morfar til dei tre sønene hennar, og Mildred og familien hennar er misjonærar i Thailand.
Vi hadde pynta med mykje som hadde å gjere med temaet for dagen (misjon og bistand), til dømes ein globus og ei fastebøsse.
Thalandske Samrit hadde lånt oss thailandsk flagg og to flotte thai-drakter.
Sporløp
Så var det tid for sporløp. På mange postar i kyrkjerom, kyrkjelydssal og klokketårnet fekk borna løyse ulike oppgåver. Dei fekk til dømes teikne sitt eige fotspor, vekke bamsar, slå på kyrkjeklokkene, skrive lappar til Gud, svare på spørsmål om Paulus osb.
Gudstenesteverkstad
På gudstenesteverkstaden fekk borna førebu gudstenesta på ulike vis. Nokre bakte kake til kyrkjekaffien, ei gruppe pakka inn gevinstar til amerikansk auksjon, veggavisgruppa laga plakatar om Thailan, Paulus og den barmhjertige samaritanen, liturgigruppa øvde inn ulike delar av liturgien saman med Terje prest, og mykje meir.
Tacofest
Det smakte godt med taco på laurdagskvelden. Eit knippe flotte foreldre gjorde ein formidabel innsats på kjøkenet.
Medan vi spiste, fekk vi besøk av mellom andre ein representant for matharekomiteen. Astrid leia priogrammet, og vi lærte mykje om korleis godene er så ulikt fordelt her i verda, og korleis vi kan hjelpe der vi er, til dømes ved å vere vertsfamilie for fotballjentene frå Mathare.
Perlevandring
Medan vi åt og koste oss, rigga Anne til ei flott perlevandring i kyrkjerommet, og det var kjekt å sjå korleis alle gjekk roleg rundt i kyrkja og opplevde alle dei ulike perlene i Kristuskransen: Gudsperla, eg-perla, gledesperla, kjærleiksperla og alle dei andre.
Fakkeltog og tannpuss
Vi song meddan vi gjekk i langt fakkeltog opp til prestegarden. Der song vi for prosteparet og grannane deira. Solveig, kona til prosten, hadde bakt deilige bollar til alle saman. Etterpå gjekk vi tilbake til kyrkja, der det var tannpuss i friluft.
Gjest i natta og kveldssamling
Og så kom det endå ein gjest! Vi fekk besøk av misjonæren og T11-pappaen Jon-Ivar Friborg som fortalde spanande historier om arbeidet i Mali.
Etterpå var på med pysjen og fram med soveposen, og så hadde vi ei fin kveldsavslutning i kyrkjerommet.
Overnatting
Overalt i kyrkjerommet låg det T11-deltakarar og sov. Nattevaktene passa godt på.
Frukost
Søndag morgon kom det eit lag morgonfriske foreldre, som laga til deilig frukost til alle. Deretter var det tid for siste gjennomøving på lysVåkendansen og anna som vi skulle bidra med på gudstenesta.
Gudsteneste
Kyrkja var fullstappa med dåpsfamiliar, T11-familiar og andre interesserte. Det blei ei flott gudsteneste der T11-borna deltok med liv og lyst. Dramatiseringa gjorde særleg stort inntrykk på mange.
Etterpå var det kyrkjekaffi og amerikansk auksjon, og det blei samla inn mykje til barnearbeidet i Thailand.
Tusen takk til alle som var med! Vi gler oss allereie til å sjå dykk att på T12-dagen i 2012!
Tusen takk til alle som var med på T11 med LysVåken i 2010!
Helga 20.-21. mars 2010 var det endeleg klart for T11 med LysVåken og overnatting i Foldnes kyrkje for alle dei som er fødde i 1999. Vi hadde gledd oss lenge til dette, og det trur vi mange av femteklassingane hadde gjort òg, sjølv om nok både dei og vi var ganske spente.
Under her finn de mange bilete og nokre få ord om dette arrangementet. Tusen takk til alle som var med! Ein særskilt takk til alle foreldre og leirarar som stilte opp og gjorde en kjempeinnsats!
Registrering
Svisj - vi er saman!
Sporløp og gudstenesteverkstad
Tacofest med gjestar
Perlevandring i kyrkjerommet
Fotvasking og snacks
Kveldsavslutning og overnatting
Søndagsfrukost
Gudsteneste og kyrkjekaffi
Bilete frå T11 2009
Under her kan de få sjå bilete frå T11-dagen i fjor. Det var ein meir tradisjonell T11-dag, utan overnatting i kyrkja, men det vart ein kjekk dag likevel.
Tekst og bilete frå T11-dagen 2009
Tusen takk til alle dykk som var med på T11-dagen i Fjell kyrkje laurdag 28. mars 2009. Takk til alle femteklassingane som myldra i og rundt Fjell kyrkje, og som gjennom både deleaksjon og temasamlingar lærte meir om misjon og bistand. Takk til alle dykk som hjelpte til og sette farge på dagen: Guro og Siri frå Changemaker, Marita og Florence som fortalde om Mathare-arbeidet, misjonæren Ketil (som òg var Paulus denne dagen), hjelpsome foreldre, prestar, kyrkjetenar, musikarar ... og sikkert fleire. Det blei ein flott dag. Vi sjåast igjen på T12-dagen i 2010! Under her ser de mange bilete frå T11-dagen. Overskriftene seier litt om kva vi gjorde. For øvrig gjeld det her som elles: Eit bilete seier meir enn tusen ord!