Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Om T15-dagen

Velkomen til T15 Onside 2012!

God og nyttig info om Onside 2012, som skjer laurdag 21. januar, finn du på Fjell kyrkjelyd si nettside.

Du kan elles kose deg med bilete frå tidlegare Onside, som kjem under her.

T15-dagen 2011: Onside!

Mange konfirmantar!

19. februar var nesten 300 konfirmantar samla til T15 OnSide i Bildøyhallen. I over 20 år har konfirmantane i Fjell vore med på OnSide, og i år kom òg biskopen innom.

Under kan de sjå mange glimt frå kvelden.

Registrering

Eit hjarte til kvar

Loved!

Biskop Halvor

Svisj- vi er saman!

Svisj- vi er saman!

Etter Svisj med tenning av T-dagslyset og helsing frå biskopen, starta turneringa. Her fekk konfirmantane vera med på både fotball, basket og innebandy, iført fantasifulle kostymer. Og mellom kampane kunne dei ete god mat i kafeen, lage lagplakatar på kreativt rom, spele brettspel saman med ungdomsleiarane eller slappe av på stillerommet.

Engasjert publikum

Ballspel

Kule karar

Tilslørte bondepiker?

Piratar

Ekstra blide piratar

Vanskeleg å spele med maske?

Innebandy

Basketball

Ballspel i alle kanalar

Ein pirat klar til angrep

Publikum

Måååål!

Gudsperla og kjærleiksperla på stillerommet

Pølsegryta i caféen

Den einaste drikken som ikkje hjelper mot anna enn...

Hiv og hoi!

Hell i spel...?

Kreative piratar

Det kreative rommet var veldig populært

Kunstnarspirer

Etter at alle kampane var spelte, var det Rolling Magazine med Ruben Gazki i gymsalen på ungdomsskulen. Her blei det diskotek, leikar og konkurransar.

Rolling Magazine

Rolling Magazine

Rolling Magazine

Rolling Magazine

Heile arrangementet var prega av temaet ”Loved” – elska av Gud. Frå det store banneret som blei hengt opp under Svisj’en til TimeOut heilt til slutt.

Sjølv dommarane var Loved

Konfirmasjonsdagar våren 2011

Vi har konfirmasjon desse dagane i 2011:

Fjell:

Laurdag 30/4 kl. 10.30 Kolltveit
Laurdag 30/4 kl. 12.30 Ekerhovd og Knappskog
Laurdag 7/5 kl. 10.30 Ulveset
Laurdag 7/5 kl. 12.30 Algrøy, Skålevik, Syltøy, Tellnes

Foldnes:

Laurdag 7/5 kl. 10.30 Brattholmen
Laurdag 7/5 kl. 12.30 Brattholmen og Bjorøy
Søndag 8/5 kl. 10.30 og 12.30 Foldnes
Søndag 15/5 kl. 10.30 Liljevatnet
Søndag 15/5 kl. 12.30 Hjelteryggen

Landro:

Laurdag 30/4 kl. 11.00 Ågotnes
Søndag 8/5 kl. 10.30 Landro
Søndag 8/5 kl. 12.30 Misje og Knappskog

Har de spørsmål, kontakt kyrkjekontoret: 55097440 / 55097450 / 55 09 74 61

Konfirmasjonstida: Ein del av T-dagane

T-dagane har svært ulik lengde. Nokre av dei varer berre eit par timar, og andre går over fleire dagar. T15 er den desidert lengste av dei, for den strekkjer seg over nesten eit heilt skuleår.

Demonstrasjonstog

T15 er betre kjent som konfirmasjonstida, og i løpet av dette året skal ungdomane få lære mykje om kristent liv og tru, med særleg vekt på truvedkjenninga. Undervegs er det rikeleg med moro, og mange blir betre kjende med kvarandre og med kyrkja.

Heiagjeng

Konfirmantane førebur seg på alderdomen

Dersom ein ser på trusopplæringa som ei trusvandring, er T-dagane merkesteinar som viser vegen. Blant alle desse merkesteinane er det nokre som skil seg ut, som solide stabbesteinar å kvile seg mot.

Dåp (T1) og konfirmasjon (T15) er dei viktigaste stabbesteinane.

konfirmantar