Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Fotoalbum

Velkomen til T5+ med Godly Play

Våren 2010 startar vi for fyrste gong opp med ein serie samlingar vi har kalla T5+. Dette er samlingar der borna vil få møte til saman fire bibelforteljingar, fordelte på like mange kveldar. Metoden er kalla "Godly play", eller på norsk: "Gudsrikeleiken". Kyrkjelydspedagog Anne Ludvigsen Kaldestad er ein av dei som har bragt denne undervisningsforma til Noreg og Fjell. Ho har hatt Godly Play-samlingar her før, og dette har vore veldig populært, men dette er fyrste gong vi knyttar ein slik serie av samlingar til ein T-dag.

T5-dagen har allereie frå starten vore ein "Godly Play"-dag. Nytt av året er at dei same femåringane får høve til fire ekstra samlingar, og vi vil tilby dette i alle dei tre kyrkjene. I Foldnes kyrkje vil dette vere på tysdagar, medan i Landro og Fjell vil desse samlingane vere på onsdagar. Det er viktig at dei som er påmelde til ei av gruppene, kjem på alle fire samlingane (veke 20-23), så langt råd er, slik at barnet får ein kontinuitet, tryggleik og ro rundt stunda.

Tid og stad for T5+

Onsdagar (frå 19. mai) kl. 17.30-18.30 i Fjell kyrkje
Onsdagar (frå 19. mai) kl. 17.30-18.30 i Landro kyrkje
Tysdagar (frå 18. mai) kl. 17.30-18.30 i Foldnes kyrkje

Dersom det blir veldig mange påmeldingar i kvar av kyrkjene (og det ville vore kjekt!), vil vi vurdere å dele nokre av gruppene, slik at det kan bli to samlingar rett etter kvarandre. Dette vil eventuelt dei påmelde få melding om i god tid. Det er difor særs viktig at de melder barnet på til T5+ så snart råd er, slik at vi tidleg får ei oversikt over kor mange grupper vi treng.

Påmelding og meir info

Samlingane vil ha desse leiarane:

Fjell kyrkje: Aasny Lie Theis og Anne Ludvigsen Kaldestad
Landro kyrkje: Mona Espeskog, Brynhild Eide og Arne Bech-Sørensen
Foldnes kyrkje: Anne Karin Anglevik og Anne Ludvigsen Kaldestad

Kontaktperson for T5+ er Anne Ludvigsen Kaldestad.

Pris for alle fire samlingane er kr 50 pr barn. Det er fint om ein melder seg på T5+ samstundes med at ein melder barnet på til T5-dagen, og seinast innan 7. mai.

Bilete frå Godly Play

Under her finn de bilete frå tidlegare Godly Play-samlingar i Foldnes og Landro kyrkje.

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play

Godly Play