Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Påmelding til T10 Tweens 20.oktober

Bli med på Tweensklubb-kveld i Fjell kyrkje!

På Tweensklubben i Fjell kyrkje samlast mellom tretti og femti 10-13åringar annakvar veke, til venskap, leik, aktivitetar, andakt, kiosk og eit positivt miljø.

Som femteklassing er du spesielt invitert til å byrje på Tweensklubben eller/og i eit av Tweenskora i Fjell eller Landro! Meir informasjon om tweenskora blir gitt på Tweensklubben.

Denne kvelden på T10 Tweens er meint å vere ein smakebit for deg, sånn at du kan sjå om dette er ein klubb du har lyst å fortsetje i.

Det kostar ingenting å vere med i Tweensklubben. Men ta med nokre småpengar til kiosken, alt kostar kr 5,-. Det blir sal av varm-mat (pizza-stykke e.l) i tillegg til brus og salt/søtt snacks og godteri.

Ein vanleg Tweenskveld startar klokka 19 og er ferdig kl 21. Men den første kvelden (20.oktober) vil vi at du og alle dei andre femteklassingane skal kome kl 18.00. Då har vi en time saman før den vanlege klubb-kvelden startar, vi skal bli litt kjende med kvarandre og leiarane på Tweens - og bli litt husvarme i kyrkja før Tweenskvelden startar:)

NB! Alle felt merka med raud stjerne må fyllast ut!

Påmeldinga er registrert hos oss dersom du får opp ei bekrefting på skjermen og evt òg pr epost.

Meld frå om særskilde behov (t.d. allergiar eller funksjonshemming) i god tid. Vi ønskjer å leggje til rette for alle funksjonsnivå.

Påmelding T10 Tweens i Fjell kyrkje fredag 20.oktober 2017
*
*
*
*
*
*
*
*
  
*
Dersom ja...
t.d. allergi eller funksjonshemming
Vi reserverer oss mot at bilete der vårt barn er med, blir nytta til å illustrere T-dagane

Merk: Opplysningane vert lagra i ein database, handsama fortruleg og ikkje nytta til noko anna enn T-dagen.