Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Påmelding til T3-dagen 2. desember

T3-dagen er ei adventsgudsteneste for heile familien! Den varer frå kl 11.00 til 13.00, inkludert kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Det er fint om treåringane kan kome kl 10.40, for at vi kan helse på dei og gje dei ei kjempefin julebok! Alle treåringane som ønskjer, går inn i stjerneprosesjon i starten av gudstenesta. Treåringane får med si eiga stjerne heim etterpå.

Dette blir ei gudsteneste prega av glede, lys, song og gode forventningar fram mot jul. Invitér gjerne med fadrar og besteforeldre!

Vi ønskjer å leggje til rette for alle funksjonsnivå. Ver venleg å gje melding om særskilde behov (til dømes allergiar eller funksjonshemmingar) ved påmelding.

T3-dagen kostar ingenting

Påmelding til T3-dagen i Landro, Fjell og Foldnes kyrkje søndag 2. desember 2018
*
*
*
*
*
*
*
*
  
* Oppgje om du har fått T-dagsmappe ved tidlegare høve
t.d. allergi eller funksjonshemming
Vi reserverer oss mot at bilete der vårt barn er med, blir nytta til å illustrere T-dagane

Merk: Opplysningane vert lagra i ein database, handsama fortruleg og ikkje nytta til noko anna enn T-dagen.