Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Påmelding til T6 2018

Det blir T6 for alle fødde i 2012, i Landro kyrkje onsdag 13. juni .

NB! Grunna særs få påmeldingar, blir det i år KUN T6-dag i Landro kyrkje. Alle seksåringar frå heile kommunen er velkomne dit.

T6-dagen varer frå kl. 16.00 til kl. 18.30.

Vi markerer skulestart med deilig middag, forteljing, skodespel, leik, kjekke aktivitetar og utdeling av den fine 6-årsboka!

Ta med T6-helsinga som du har fått i posten, og T-dagsmappa dersom du har.

Vi ønskjer å leggje til rette for alle funksjonsnivå. Ver venleg å gje melding om særskilte behov (til dømes allergiar, funksjonshemmingar eller anna som krev særskilt merksemd) ved påmelding.

T6-deltakaren skal få ei bok av kyrkja denne dagen. Ver venleg å krysse av for om de vil ha boka på bokmål eller nynorsk.

Pris: 100,- for heile T6-dagen. Dette er inkludert middag for T6-barnet og ein vaksen. Det er viktig at barnet har med seg ein vaksen denne dagen. Dersom de ønskjer å ha med ein ekstra person (t.d søsken, fadder eller besteforeldre, kostar dette kr 50,-(for middag) i tillegg. Gje i så fall melding om dette i merknadsfeltet.

Betaling skjer ved oppmøte. Vi har Vipps.

Felt merka med raud stjerne fyllast ut. Dersom du ikkje får ei bekrefting opp på skjermen, er ikkje påmeldinga registrert! Påmelding snarast!

Påmelding til T6-dag i Landro kyrkje
*
*
*
*
*
*
*
  
kostar 50,- pr vaksen
Tal på middagar i tilegg til T6-barnet
  
* Oppgje om du har fått T-dagsmappe ved tidlegare høve
  
* Du kan velje om du skal få 6-årsboka på nynorsk eller bokmål
t.d. allergi eller funksjonshemming
Vi reserverer oss mot at bilete der vårt barn er med, blir nytta til å illustrere T-dagane

Merk: Opplysningane vert lagra i ein database, handsama fortruleg og ikkje nytta til noko anna enn T-dagen.